Jorunn Hanto-Haugse () er ein norsk fruktbonde, teikneserieskapar og illustratør, oppvaksen i Utitun på Djønno.

Jorunn Hanto-Haugse har teke bachelorgrad i kunst ved University of Central England i Birmingham. Ho har også studert kunsthistorie og førmoderne visuell retorikk ved Universitetet i Bergen. Som kunstnar har ho hatt separatutstillingar i Bergen og Vadsø, og har også vore med i utstillingar i New York, Liverpool og Seoul.

Hanto-Haugse er særleg vorten kjend for teikneseriane Reveland, Reform 94 og Skulen som alle er skrivne på nynorsk. Seriane hennar går fast i Norsk barneblad, gatebladet Megafon og avisa Hordaland. Dei har tidlegare også gått fast i bladet EON og fagbladet Utdanning. I tillegg er dei innkjøpte av VG, Bergens Tidende, Larsons Gale Verden, Pondus og Nynorsksenteret.

Sidan 2014 er ho også fruktbonde på garden Utitun på Djønno.

Kjelder

Biografi på www.epleogeventyr.no Djonno.origo.no: Jorunn Hanto-Haugse - Ung kunstnar frå Djønno med eigen teikneserie Biografi på www.haugseillustrasjon.no

Bakgrunnsstoff

Offisiell heimeside "Reveland" på nett "Reform 94" på nett "Skulen" hjå Norsk Barneblad

kategori:Folk frå Ullensvang kategori:Norske teikneserieskaparar kategori:Norske illustratørar kategori:Norske kunstnarar