Nes kyrkje også kjent som Nes kirke på Nes i Ådal i Ringerike kommune er ei åttekanta sentralkyrkje i lafta tømmerAndreas Gjerdi, Ringerikes kirker, s. 30–32, 1973 frå 1860. Kyrkja har plass til 250 personar og er teikna av arkitekt Christian H. Grosch. Den høyrer til i Ringerike prosti.

Historie venstre|mini|Kyrkjetype teikna av Grosch Ved Kgl. resolusjon av 2. februar 1857 vart det avgjort å opprette Ådal prestegjeld, og planlegging av kyrkja kunne ta til. Samstundes med at gjeldet vart oppretta fekk ein løyve til å leggje ein kyrkjegard og oppføre ei kyrkje på garden Nes. Den vart innvia 22. august 1860 ved soknepresten til Gran, S. B. Bugge. Bugges tale finst framleis i prestegjeldets arkiv.

Konstruksjon og eksteriør Skipet var opphavleg ein oktogonal grunnplan og av lafta tømmer. Taket over skipet er også oktogonalt og teltforma. Takkonstruksjonen ber ein takryttar som har eit kvadratisk underbygg og ein slank og høg oktogonal hjelm. Takryttaren blir støtta av fire stolpar frå golvet i skipet. Underbygget (klokkestova) på takryttaren har doble gluggar med lemmar i kvar himmelretning. Hjelmen og klokkestovetaket vart tekt med koparplater i 1968.Sigrid og Håkon Christie: «Nes kirke» i Norges kirker, Buskerud, bind 2 s. 211–214, 1986, ISBN 82-05-16315-4

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Ringerike Kategori:Christian H. Grosch Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Ådal Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kyrkjer i Ringerike prosti Kategori:1860 i Noreg Kategori:Kulturminne i Ringerike