mini|Trøye for kvinne frå Kvinnherad i Hordaland. Frå Norsk Folkemuseum sine samlingar. mini|Fotballtrøyer for Middlesbrough F.C.. mini|Mann i undertrøye. Trøye (frå norrønt treyja) er klede til å ha på overkroppen som finst i mange utformingar. Dei kan brukast som undertøy, mellomlag eller sitja ytst, som dag- eller nattklede.
Det finst ermelause, kort- og langerma trøyer. Dei når gjerne til livet men kan også vera lengre. Dei kan ha krage eller vera kragelause. Ofte blir type eller bruk spesifisert i namnet til trøya, som undertrøye, ulltrøye, fotballtrøye og så bortetter.
Typar Blåtrøye, slitesterk blå ullegenser Helsetrøye, ein type undertrøye av bomull med grove maskar som dannar eit varmeisolerande luftlag inntil kroppen. Islandstrøye, islandsgenser eller islender er en tjukk strikkegenser. Shetlandstrøye er ein tilsvarande genser laga av ull av shetlandssauar. Korktrøye eller korkvest, ein gammaldags symjevest fôra med kork for dei som skulle læra å symja Rundtrøye eller stuttrøye, ei kort trøye eller jakke utan flak eller frakkeskjøtar. Tvangstrøye, ein jakke med lange, lukka erme som kan bindast saman. Tvangstrøyer er blitt brukt på fanger og psykiatriske pasientar. Undertrøye eller underskjorte er undertøy av ull, bomull eller silke som ein ber inntil kroppen. Vampe, ei kort eller lang manns- eller kvinnetrøye av varierande form.
Sjå òg Genser Kittel, serk Kufte, busserull Skjorte, bluse T-skjorte, singlet Tunika Trikot Undertøy Vams Vest
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trøye» frå , den 17. januar 2013.
Kategori:Klede for overkroppen Kategori:Undertøy