Haider Saleem, kjend som Haji Saleem eller berre Haji, er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Oslo. I 2005 deltok han i Idol på TV 2 og i 2008 var han med i dokumentaren 99% ærlig.
Melodi Grand Prix 2012 21. januar 2012 deltok han, saman med Benedicte Adrian og Kristian Rønning i gruppa United, i Melodi Grand Prix 2012 med den engelskspråklege songen «Little Bobbi». Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den fyrste semifinalen 21. januar 2013.
Semifinale 1 Bidraget starta som nummer seks, etter Lisa Stokke med «With Love» og før Nora Foss al-Jabri med «Somewhere Beautiful». «Little Bobbi» fekk ikkje ikkje nok røyster til å gå vidare til finalen.
Melodi Grand Prix 2013 26. januar 2013 deltok han i Melodi Grand Prix 2013 med den engelskspråklege songen «Shine With Me». Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart vald ut til å delta i den andre semifinalen 26. januar 2013. 23. januar 2013 vart songen offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte.
Semifinale 2 Bidraget starta som nummer seks, etter Fjellfolk med «Ulvetuva» og før Margaret Berger med «Feed You My Love». «Shine With Me» fekk ikkje ikkje nok røystar til å gå vidare til finalen.
Filmografi 2008: 99% ærlig
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Norske songarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2012-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-låtskrivarar Kategori:Norske Idol-deltakarar