Stenersenmuseet er eit kunstmuseum i Munkedamsveien i Oslo, i dei lokala som ligg under Johan Svendsens plass framfor hovudinngangen til Oslo Konserthus. Museet opna i 1994 og inneheld kunstsamlingane til Amaldus Nielsen, Ludvig O. Ravensberg og Rolf Stenersen, som Oslo kommune har motteke i gåve. Men då museet elles har skiftande utstillingar av norsk og internasjonal kunst, særleg samtidskunst, er det ikkje alltid at verk frå ei eller fleire av desse faste samlingane er synte fram. mini|venstre|Stenersenmuseet har plassen framfor hovudinngangen til Oslo Konserthus som tak, slik ein ser av dette fotografiet. Bakgrunnsstoff Stenersenmuseet
Kategori:Museum i Oslo Kategori:Kunstmuseum i Noreg Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Museum skipa i 1990-åra Kategori:1994 i Noreg