Dragseidet er det vestlegaste av tre eide over Stadhalvøya. Eidet er om lag 5 km breidt og går frå bygda Drage ved Sildegapet i vest til Leikanger ved Vanylvsfjorden i aust.
Frå gammalt til har folk som fór langs sjøen med båt, drege båtane over dette eidet i i staden for å krysse det opne Stadhavet.
Dragseidet er omtalt i Snorres kongesoger. I år 997 skal Olav Tryggvason ha kalla leiarane frå fire fylke hit for å få dei til å gå over til kristendommen. På høgaste punktet på eidet er det sett opp ein bauta; denne staden blir kalla Kongshaugen. I 1913 vart det reist ein steinkross til minne om kristninga i 997.
Kjelder Opplev Selje om Dragseidet Store norske leksikon
Bakgrunnsstoff Dragseidspelet Opplev Selje Reisemål Stryn og Nordfjord
Fylkesarkivet
Kategori:Geografi i Stad