Atle Næss () er ein norsk forfattar og tidlegare lærar, fødd i Mysen og oppvaksen i Askim. Han har gitt ut ei rad verk innanfor ulike sjangrar, flest romanar og sakprosabøker.

Næss er utdanna cand.philol. med fagkrinsen engelsk, språkvitskap og norsk. Fram til 1987 arbeidde han som lærar i vidaregåande skule og sidan ved lærarhøgskule.

Næss debuterte som forfattar med romanen Gun i 1975 og gav ut fem romanar før han kom med ein ungdomsroman i 1987. Året etter var hans fyrste barnebok i handelen. I 1991 kom hans fyrste sakprosabok, ti år seinare vart han tildelt Brageprisen for sakprosaverket Da jorden stod stille. Galileo Galilei og hans tid.

Bibliografi Romanar Gun, 1975 April, 1977 830 S, 1981 Opp fra det absolutte nullpunkt, 1985 Sensommer, 1987 Korsfareren, kriminalroman 1988 Kraften som beveger, 1990. Østre linje, 1994 Den tvilende Thomas, 1997 Innersvinger, 2002 Sensommer, 2006 Roten av minus en, 2006 Din nestes eiendom, 2009 Teltmakeren, 2012

Ungdomsromanar Grei kamerat, Hans, 1987 Gå på lufta, Hans!, 1989

Barnebøker På vulkanferie, 1988 Islandsboka, 1992 Finlandsboka, 1994

Sakprosa Skøytebyen. Fra Mjøs-is til OL-hall, 1991 Askim-Firenze t/r, 1992 (essaysamling) Ibsens Italia, 1997 Fossekraft og lange linjer. Hafslund ASA 1898-1998, 1998 Italienske bilder, 1999 Da jorden stod stille. Galileo Galilei og hans tid, 2001 Munch, 2004 Et hav av språk (medforforfattar), 2007 Nidarosdomen. En biografi om Norges nasjonalmonument og menneskene som bygde det, 2011. ISBN 9788205410909

Prisar Gyldendals legat 1990 Gullboka (utdelt Det Kvindelige Læseselskap) 1995 Brageprisen, klasse faglitteratur 2001, for Da jorden stod stille – Galileo Galilei og hans tid

Referansar

Bakgrunnsstoff Bøker av Atle Næss digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Atle Næss i BIBSYS Atle Næss i NRK Forfatter Atle Næss hos Gyldendal

Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Folk frå Eidsberg