Hans Conrad Thoresen () var ein norsk prest og stortingsmann fødd i Tønsberg. Han var gift med forfattaren Magdalene Thoresen i sitt tredje ekteksap, og var også svigerfar til Henrik Ibsen.

Thoresen var son til ein bøkker, Herman Thoresen, og Anna Sophie Albertine Walther.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.

Han vart student i 1821 og tok teologisk embetseksamen ( cand. theol.) i 1825. I 1826 vart han sokneprest i Stranda på Sunnmøre. Etter berre to år flytta han over i same embete i Herøy på Sunnmøre. I Herøy dreiv han og underviste emnelege bondesøner, ein av desse var ørstingen Ivar Aasen. I åra 1833–35 las Aasen latin, historie, geografi, retorikk og diktekunst hos Thoresen med tanke på vidare studier.http://ibsen.uio.no/REGINFO_peIvAa.xhtml lese på nett 9.februar 2013. I 1843 vart Thoresen sokneprest ved Korskirken i Bergen.Henrik Ibsens skrifter ved UiO lese på nett 10.februar 2013. Thoresen representerte Romsdals amt på Stortinget 1842-1844. Dette embetet hadde han til han døydde.

Thoresen var i 1848 4. representant frå Romsdals amt på Stortinget. Valet vart godkjent i Stortinget med minst mogleg margin, 49 røyster mot 48. Han var medlem av Lagtinget og tollkomiteen.

Den første kona til Thoresen var Marie Dorothea Sophie Münster (1803–27). Han vart gift andre gong med Sara Margrethe Daae (6. april 1806-10. mai 1841), dotter av presten Johan Christopher Haar Daae.Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer. Dei fekk fem barn, eit av barna var Susanna som vart gift med Henrik Ibsen. Sara Daae var tante til Ludvig Daae. Det var truleg Thoresen som fekk Ivar Aasen plassert hos svogeren på Solnør der han mellom anna var privatlærar for Susannas søskenbarn.Bruaset, Oddgeir (1999): Sunnmøre og sunnmøringen. Det norske samlaget.

Thoresen var gift tredje gong med forfattaren Magdalene Kragh (1819–1903). Magdalene tok i 1841 mot tilbod om å vere guvernante hos Thoresen, fødte i juni 1843 i København ein son som vart sett bort, og gifta seg så i oktober 1843 med Thoresen. Dei fekk fire barn.http://ibsen.uio.no/REGINFO_peMT.xhtml lese på nett 9.februar 2013. Magdalene vart stemor til Susanna Ibsen.

Hans Conrad Thoresen døydde i Bergen i 1858.

Kjelder

Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850