Nordlyskatedralen Alta kyrkje er ei kyrkje i Alta frå 2013. Katedralen er laga i ei nordlysliknande spiralform og har eit tårn med totalhøgd på 47 meter. Katedralen er ei fleirbrukskyrkje med mange ulike rom fordelt på tre etasjar. Han har 350 sitjeplassar. Utsmykkinga og dei liturgiske møblane i kyrkjerommet er utforma av den danske kunstnaren Peter Brandes.

Bygget Nordlyskatedralen er den nye hovudkyrkja i Alta sokn i Alta prosti i Nord-Hålogaland bispedømme, etter Alta kyrkje. Den nye kyrkja vart til etter 40 år med innsats frå den lokale kyrkjelyden. Byggjeperioden var frå 2009 til 2013. Hovudentreprenør var Alta-selskapet Ulf Kivijervi AS.

Vigslingsgudstenesta for Nordlyskatedralen vart halden sundag 10. februar 2013 og vart kringkasta direkte i radiogudstenesta i NRK P1 den dagen og på nett-TV. Til stades på gudstenesta var Kronprinsesse Mette-Marit og biskop i Nord-Hålogaland, Per Oskar Kjølaas.

Galleri

Kjelder

Den offisielle nettsida til Nordlyskatedralen

Bakgrunnsstoff

Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard

Kategori:Kyrkjer i Alta Kategori:Kyrkjer i Alta prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 2013