Lakshminarayana Shankar (), òg kjend som L. Shankar og Shenkar, er ein indisk-amerikansk fiolinist, songar og komponist.

Liv og virke Shankar var fødd i Madras i India, men voks opp på Sri Lanka. Faren V. Lakshminarayana var ein renomert fiolinist, og mora L. Seethalakshmi spelte veena. Alle dei fem eldre søskena hans var òg musikarar. Den mest kjende av brørne er fiolinisten L. Subramaniam, som har spelt inn mykje musikk og broren L. Vaidyanathan som komponerer musikk for indiske filmar.

Etter uroa på Sri Lanka i 1950-åra rømde familien til India.

Etter å ha tatt ei fysikkutdanning i India, flytta Shankar til Amerika i 1969 og tok doktorgrad i folkemusikk ved Wesleyan University. Her møtte han jazzmusikarane Ornette Coleman, Jimmy Garrison og John McLaughlin, medan han arbeidde som lærarassistent og konsertmeister for University Chamber Orchestra. I 1975 starta Shankar og McLaughlin bandet Shakti, som var banebrytande med å blande austleg og vestleg musikk. Det første soloalbumet hans, Touch Me There, vart produsert av Frank Zappa i 1979. Shankar starta sitt eige band, The Epidemics, i 1982, med komponisten Caroline. Han gav ut tre album med bandet.

I 1980-åra arbeidde Shankar med både jazz og indisk klassisk musikk. I 1980 gav han ut Who's To Know på ECM som introduserte ein unik stil han sjølv hadde funne opp med ein tistrengs stereofonoisk dobbelfiolin. Dette instrumentet som Shankar hadde laga sjølv vart bygd av den kjende gitarmakaren Ken Parker, og dekkjer heile orkesterrekkevidda, inkludert kontrabass, cello, bratsj og fiolin. I nyare tid har han utvikla eit instrument som er lettare enn det originale.

1990 var Shankar medprodusent på ein film regissert av H. O. Nazareth, og som vart nominert for beste dokumentarfilm ved Cannes filmfestival. Shankar arbeidde på filmmusikken til The Last Temptation of Christ (1988) som var komponert av Peter Gabriel, og musikken hans vart nytta på begge albuma som kom ut etter filmen Passion: Music for The Last Temptation of Christ og Passion - Sources. Han vann ein Grammy for arbeidet sitt med sistnemnde i 1994.L. Shankar-Biography , World Music Central. Retrieved January 20, 2013. I 1996 vart han nominert til ein Grammy for albumet Raga Aberi. Shankar har fleire gonger spelt på platene til Peter Gabriel, som So ogUs. Sidan 1996 har Shankar turnert mykje med fiolinisten og niesa Gingger som «Shankar & Gingger», og fekk mykje ros hos kritikarane. Dei spelte mellom anna for Nelson Mandela på 80-årsdagen hans. I 2004 skreiv Shankar musikk i lag med Gingger Shankar for John Debney og spelte på filmmusikken for filmen The Passion of the Christ (2004).

Shankar har spelt med mange artistar gjennom karrieren sin som Lou Reed, Echo & the Bunnymen, Talking Heads, Frank Zappa, Peter Gabriel, Elton John, Eric Clapton, Phil Collins, Charly García, Jonathan Davis, Bruce Springsteen, Van Morrison, Stewart Copeland, Yoko Ono, A. R. Rahman, John Waite, Steve Vai, Ginger Baker, Toto, Nils Lofgren, Mark O'Connor og Sting.

Diskografi Touch Me There (1979) Who's to Know (ECM, 1980) Vision (1983) Song for Everyone (1985) Nobody Told Me (1989) Pancha Nadai Pallavi (1989) M.R.C.S. (1989) Soul Searcher (1990) Raga Aberi (1995) (Music of the World) Enlightenment (1999) Eternal Light (2000)

Filmografi The Last Temptation of Christ (1988) – dobbelfiolin, fiolin, vokal, komponist, plateprodusent Jacob's Ladder (1990) – Fiolin, vokal, dobbelfiolin Robin Hood (1991) Jennifer 8 (1992) White Sands (1992) – Perkusjon, fiolin, vokal Ali (2001) – Komponist, musikar på «Dreams» Rabbit-Proof Fence (2002) – Dobbelfiolin Queen of the Damned (2002) – Vokal, dobbelfiolin The Passion of the Christ (2004) – Komponist, vokal, dobbelfiolin Hidalgo (2004) – Dobbelfiolin Born into Brothels (2004) – Musikar Heroes (2006–2009) (TV series) – Vokal

Kjelder

Bakgrunnsstoff L. Shankar: The Downbeat profile (1978)

Kategori:Indiske komponistar Kategori:Indiske musikarar Kategori:Tamilske musikarar Kategori:Karnatiske fiolinistar Kategori:USA-amerikanske fiolinistar