Gisle Christian Johnson () var ein norsk teolog. Han var mellom anna stiftaren av Christiania Indremissionsforening (Kirkens Bymisjon) og Den norske Lutherstiftelse (Indremisjonen).

Gisle voks opp i Kristiansand som son til Wilhelmine Hanssen og Georg Daniel Barth Johnson. Farsslekta hadde bakgrunn frå Island.

Han tok teologisk embetseksamen i Christiania i 1845. Deretter studerte han eitt år i Tyskland, og kom der i kontakt med Carl Paul Caspari. I 1849 vart Gisle Johnson lektor ved universitetet i Kristiania, og i 1860 vart han tilsett som professor, først i systematisk teologi og dogmehistorie, frå 1875 i kyrkjehistorie.

Som forkynnar var han konservativ pietist og åtvara mot det han såg som vantrua og den politiske radikalismen i tida. Han førte vidare den haugianske tradisjonen med offentlege bibellesingar.

mini|Grava til Gisle Johnson på Vår Frelsers gravlund

I 1855 stifta han Christiania Indremissionsforening og i 1868 Den norske Lutherstiftelse (frå 1891 Det norske lutherske Indremisjonsselskap). I 1858 grunnla han i lag med med Carl Paul Caspari og Tønder Nissen Theologisk tidsskrift for den evangelisk lutherske kirke i Norge, og i 1863 Luthersk Kirketidende. I 1862 gav han og Caspari ut ei norsk omsetjing av Konkordieboka.

I 1883 stod han bak oppropet «Til Christendommens Venner».

Verk Grundrids af Den systematiske teologi (1878) Forelæsninger over dogmehistorien (1898)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gisle Johnson» frå , den 14. februar 2013. "Fra Hersleb til Dahl" – artikkelserie om 13 profiler ved Det teologiske fakultet gjennom 180 år

Bakgrunnsstoff Kort biografi ved Det teologiske fakultet, UiO Kort biografi av Ingrid Brissach Adresseavisa , 5. september 2006

Litteratur D. Thorkildsen. Da kirken oppdaget folket. I S.Aa. Christophersen og T. Wyller (red). Arv og utfordring. Oslo 1995.

Kategori:Norske teologar Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund