mini|Salmesong avbilda i Utrecht-psalteret frå 800-talet. Ein salme (frå gresk psalmos, 'song med strengespel') er ein song med religiøst innhald, hovudsakleg innan kristen og jødisk tradisjon. I daglegtale brukar ein «salme» om eit strofisk dikt med slikt innhald som er meint til felles song. Salmar blir særleg framførte i samband med gudstenester i synagogar, kyrkjer og bedehus.
Tekstane kan koma frå Bibelen eller vera skrivne seinare, anten på latin eller på ulike folkespråk. På nordiske språk viser «salme» både til bibelske salmar (frå Salmane) og metriske kyrkjelydssalmar. På tysk skil ein mellom å omtala førstnemnde som «Psalm» og sistnemnde som «Lied», tilsvarande engelsk psalm og hymn og fransk psaume og cantique. I faglspråk kan ein skilja mellom psalmodi (song av bibelske salmar) og hymnodi (song av metriske kyrkjelydssalmar).
Den første salmesamlinga ein kjenner til er Salmane, ei bok i Det gamle testamentet med 150 songar. I dag bruker Den norske kyrkja salmar med melodiar i Norsk Salmebok.
Sjå òg Hymne Salmebok
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songformer Kategori:Greske ord og uttrykk