Ivar Kvåle''' ()vossajazz.no: «Ivar Kvåle har gått bort» var ein norsk avisteiknar, bokillustratør, musikar og teikneserieteiknar.

Kvåle teikna og skreiv i avisa Hordaland frå 1977. Han leverte i 34 år vitseteikningar med krasse og muntre kommentarar til avisa, først med signaturen "Kvaolsknipo", seinare under «Knipo». I så godt som kvart nummer av avisa karikerte han i tekst og teikningar naive turistar, innfule bergensarar, lokalpolitikarar, utflytta vossakjendisar og frustrerte innflyttarar.

På slutten av 1960-talet byrja Kvåle å teikne stripeteikneserien Pegasus. Serien vart utgjeven i avisa Nationen frå den 20. november 1968 til 13. september 1969. Kvåle bidrog òg med illustrasjonar til Nationen i same periode. Han la vekk stripeserien då han hausten 1969 gjekk inn i garden.

I Arbeidermagasinets julenummer 1968 (nr. 52) fekk Kvåle på trykk ei treruters teikneseriestripe kalla Julebord-drama i 3 akter''.

Ivar Kvåle illustrerte nærare 40 bøker (både eigne og andre sine). Dei fleste av bøkene er utgjeve på Det norske Samlaget.

Referansar Denne artikkelen bygger på «Ivar Kvåle» frå , den 16. februar 2013.

Kategori:Norske teikneserieteiknarar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske avisteiknarar