Wilhelm Eduard Weber () var ein tysk fysikar. Han var son av teologen Michael Weber og bror til fysiologen Ernst Heinrich Weber (1795–1878) og fysiologen Eduard Friedrich Weber (1806–1871).
Livsløp Wilhelm Weber vart fødd i Wittenberger Schlossstraße 10 i Wittenberg som son av teologiprofessoren Michael Weber.
Weber deltok i fysiske eksperiment under den eldre broren sin Ernst Heinrich, noko som føret til utgjevinga av boka Wellenlehre, auf Experimente gegründet (Leipzig 1825) (Bølgjelære basert på eksperiment). I 1826 skreiv han doktorgraden sin, eit arbeid om orgelpiper og i 1827 sitt habilisasjonsskrift og oscillatorar.
Etter utnemninga si til «full professor» i Halle, vart han i 1831 kalla til Göttingen i dåverande kongeriket Hannover der han vart utnemnd til professor i fysikk ved Georg-August-Universität. 14. desember 1837 vart han fråteke stillinga saman med seks andre porfessorer i Göttingen grunna ein politisk protest mot oppheving av forfattinga. Etter det praktiserte han som privatlærer i Göttingen forutan at han gjorde ei rekkje lenger reiser. mini|Wilhelm Eduard Weber, 1885 I 1843 vart han kalla til Leipzig til han etter revolusjonen i 1848 i Tyskland, fekk tilbake den gamle stillinga si.
I Göttingen var Weber ein nær ven av Carl Friedrich Gauß som han samarbeidde med i mange år. I 1833 konstruerte dei den første elektromagnetiske telegrafen. Over taka i byen Göttingen trekte dei to kopartrådar mellom det fysikalske instituttet og det magnetiske observatoriet i Sternwarte. Dei nytta ein symbolkode som minte om den seinare morsekoden. Det seiast at det første telegrammet i 1833 lydde: «Michelmann kommt» (Michelmann var vaktmeister ved instituttet). Kanskje er dette berre ei segn.http://www.ib.hu-berlin.de/~wumsta/infopub/textbook/umfeld/rehm7.html
I 1836 grunnla han saman med Gauß og Alexander von Humboldt samskipnaden Magnetischen Verein.
I 1856 utførte Weber målingar saman med Rudolf Kohlrausch for å avgjere ladningeininga relatert til elektrodynamiske og elektrostatiske tilhøve. Dette bidrog seinare til utviklinga av James Clerk Maxwell sin teori om ljoset sine elektromagnetiske eigenskapar. Weber fann samanhengar om lyssnøggleik i vakuum, optikk og elektrisitetslære.
Eponymet weber (forkorta til Wb) er SI-eining for magnetisk fluks og er kalla opp etter Weber.
Priser og utmerkingar (utval) – Copleymedaljen
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Wilhelm Eduard Weber» frå , den 16. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kurzbiographie und Verweise auf digitale Quellen im Virtual Laboratory des Max-Planck-Institut für Wissenschaftsgeschichte (engelsk)
Litteratur Walther Killy: „Literaturlexikon: Autoren und Werke deutscher Sprache“. (15 Bände) Gütersloh; München: Bertelsmann-Lexikon-Verl. 1988-1991 (CD-ROM Berlin 1998 ISBN 3-932544-13-7)
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Folk frå Wittenberg Kategori:Copleymedaljen Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Fysikarar på 1800-talet