«Crisalide (Vola)» (italiensk for 'Kokong (Fly)') er det sanmarinske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på italiensk av Valentina Monetta. Songen er skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri.

Ein engelsk versjon av songen, titulert «Chrysalis (You'll Be Flying)», var òg spelt inn med tekst av Timothy Touchton.

Eurovision Song Contest 2013

For andre år på rad vart Valentina Monetta vald ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV) til å representere San Marino i Eurovision Song Contest, denne gongen i Malmö i Sverige med den italienskspråklege songen «Crisalide (Vola)», skriven av Ralph Siegel og Mauro Balestri. San Marino deltok i den andre semifinalen 16. mai 2012 og enda på ellevteplass med 47 poeng; ti frå Spania, seks frå Malta, fem frå Makedonia og Frankrike, fire frå Israel, Armenia og Romania, tre frå Latvia, to frå Ungarn og eitt frå Aserbajdsjan, Finland, Hellas og Georgia. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013. Monetta slo sin eigen rekord frå året før, og bidraget frå 2013 er førebels det sanmarinske bidraget med best plassering. Bidraget var òg det beste mellom dei bidraga som ikkje kvalifiserte seg frå båe dei to semifinalane.

Andre versjonar «Chrysalis (You'll Be Flying)», engelsk versjon

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Crisalide (Vola)» frå , den 17. februar 2013.

Fotnotar

Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Songar skrivne av Ralph Siegel Kategori:Valentina Monetta-songar