Harald Rolf Maartmann () var ein norsk langrennsløpar som gjekk for Idrettslaget Heming i Oslo. Han vart noregsmeister både på 17 km og 50 km i 1950. Fotballspelaren Rolf Maartmann var far hans.

Aktiv Maartmann slo gjennom då han i 1949 vart nummer tre på femmila i Holmenkollrenna bak to svenskar. I 1950-sesongen vart han dobbelt noregsmeister då han vann både 17-kilometeren og femmila i noregsmeisterskapen. Han deltok i verdsmeisterskapen på ski i Lake Placid, der han vart nummer sju på 18 km og kom på femteplassen på femmila, på den lengste distansen hadde han fire svenskar framom seg på resultatlista. Sist i VM-sesongen viste han atter at han var ein habil milslukar då han vart nummer to i Holmenkollen, sigeren gjekk til Anders Törnkvist, ein av svenskane som også var framom han på VM-femmila.

I 1951 vart Maartmann nummer seks og beste nordmann på 50 km i Svenska skidspelen i Sundsvall. Både i 1951 og -52 fekk han bronsemedalje på femmila i NM. Maartmann gjekk under vinterolympiaden i Oslo i 1952 inn til åttandeplass på 50-kilometeren, ti muttar og ti sekundar etter olympiameisteren Veikko Hakulinen frå Finland.

Maartmann la langrennskia på hylla og var i 1952-53 forstmann i delstaten Oregon i USA. ar

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1950: Gullmedalje både på 50 km i Hakadal og 17 km i Asker Ski-NM 1951: Bronsemedalje på 50 km på Tretten Ski-NM 1952: Bronsemedalje på 50 km i Porsgrunn

Kjelder P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Folk frå Oslo