Prince Albert Mountains er ei stor fjellgruppe i Antarktis med ei lengd på over 320 km. Fjellkjeda ligg i Victoria Land og går frå nord til sør mellom Priestleybreen og Ferrarbreen.

Fjella vart kalla opp etter prins Albert, ektemannen til dronning Victoria av Storbritannia. Sjølv om dei vart oppdaga av sir James Clark Ross den 17. februar 1841, vart dei ikkje utforska før tidleg på 1900-talet, då britiske kartografar kom til området. Dei vart nøye kartlagde av utforskarar frå USA og New Zealand i 1950- og 1960-åra.

Fjellkjeda består av: Fjell Høgd (moh)Mount Mackintosh 2468 Mount Joyce 1830Mount Billing 1420 Mount Mallis 1360Mount Priestley 1100

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prince Albert Mountains» frå , den 25. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Australian Antarktis Data Centre

Kategori:Scott Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar Kategori:Oppkallingar etter Albert av Sachsen-Coburg-Gotha Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter tyskarar