Edvin Landsem () var ein norsk langrennsløpar som vart noregsmeister på femmila i 1951 og kom på femteplass på same distansen i ski-VM 1954. I alt vann han sju NM-medaljar (1-2-4) i tida 1950-55. Landsem var både fødd og døydde i Rindal, og representerte det lokale idrettslaget Sportsklubben Troll.

Aktiv Landsem vart lagt merke til då han i 1949 vart nummer fire på tremila under NM i Steinkjer. Året etter tok han i noregsmeisterskapen sølvmedaljen på 30 km bakom Magnar Estenstad, og bronsemedaljen på 18 km. Han fekk tur til ski-VM i Lake Placid i USA, der han kom på 13. plass på 50 km. Under NM på ski 1951 i Narvik vann Landsem femmila 36 sekundar føre sin argaste konkurrent, Martin Stokken, og fekk bronsemedaljen på tremila og vart nummer fire på 18 km.

Landsem deltok for Noreg i vinterolympiaden i Oslo og kom på sjuandeplass på 50 km. Han fekk det året inga medalje i noregsmeisterskapen, men vart nummer to etter Estenstad på ei kort femmil i Holmenkollen og nummer tre på 18 km same staden, i begge renna mangla utanlandske løparar.

I 1954 vann Landsem NM-sølv på 50 km i Strinda, men var over fire minuttar bakom Estenstad. Litt seinare i sesongen fekk Landsem bronsen på tremila i NM på Kongsvinger. Han gjorde så sin beste internasjonale prestasjon då han kom på femteplass på 50-kilometeren i VM på ski i 1954 i Falun. Med tida 3.06.58 var Landsem berre 18 sekundar bakom bronsevinnaren, Arvo Viitanen, frå Finland. På femmila i Holmenkollen vart han same sesongen nummer fire.

Landsem fekk NM-bronse på femmila i Trysil i 1955, i ei tevling der noregsmeisteren Martin Stokken og sølvmedaljøren Erling Bjørn var i ein klasse for seg. I 1956 i Cortina d'Ampezzo kom Landsem på 15. plass på 50 km. Hans beste prestasjon i 1957 var ein femteplass på NM-femmila på Rena.

Bakgrunnsstoff

Profil på FIS-Ski.com

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Folk frå Rindal