Deep Freeze Range er ei ulendt fjellkjede, over 128 km lang og kring 16 km brei, mellom Priestley- og Campbellbreen i Victoria Land i Antarktis. Ho strekkjer seg frå kanten av polarplatået til Terra Nova Bay. Fjella i den lågare og midtre delen av fjellkjeda vart observert av dei tidlege britiske ekspedisjonane til Rosshavet.

Fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1955-63. Ho vart namngjeven av US-ACAN til ære for støtta U.S. Navy sin Operasjon Deep Freeze i Antarktis i fleire år frå og med 1954.

Av fjell i fjellkjeda finn ein Mount Adamson, Mount Dickason, Mount Hewson, Mount Queensland og Shafer Peak

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deep Freeze Range» frå , den 27. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Victoria Land