Kleive kyrkje er ei åttekantkyrkje (kyrkje med åttekanta grunnplan) i empirestil på Kleive i Molde kommune, vigsla i 1858.

Kyrkja, som er i tre og har om lag 270 plassar, vart bygd etter standardteikningar som arkitekt Christian H. Grosch hadde utarbeidd. Byggmeister var Bottolv Groven frå Kleive. Riksantikvaren har registret kyrkja på lista over verneverdige bygningar.

Kleive kyrkjes forgjengarar I Trondhjems Reformats 1589, ein kommisjonsrapport over den lokalkyrkjelege økonomien i Trondhjems stift, er det tale om ei stavkyrkje på Kleive. Denne stavkyrkja var riven i 1697 og erstatta same året av ei krosskyrkje bygd i tømmer. I 1857 vart korskyrkja riven og erstatta av den kyrkja som står på staden no.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Molde Kategori:Norske kyrkjer frå 1858 Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Molde