Spath Crest er eit fjell med ei høgd opp mot kring 1450 m som ligg heilt nordvest i Du Toit Nunataks i Read Mountains i Shackletonkjeda. Det vart fotografert frå lufta av U.S. Navy i 1967 og kartlagd av British Antarctic Survey (BAS) mellom 1968-71. I samband med at stader i området vart namngjevne etter geologar, vart det namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Leonard F. Spath (1882–1957), ein britisk paleontolog og stratigraf som studerte ammonittar slik at ein kunne korrelere desse mot bergartar frå mesozoikum. Spath var òg paleontolog for British Museum of Natural History frå 1912-57.

Kjelder

Kategori:Fjell i Coats Land