Campbell Crest er eit fjell med ei høgd opp mot 1670 moh ved vestenden av Bowditch Crests på Bermel Peninsula, på Bowman Coast i Graham Land. Fjellet er det høgaste punktet i Bowditch Crests og vart fotografert under flyturane til sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935. Det vart grovt kartlagd frå Ellsworth sine bilete av W.L.G. Joerg i 1937, og seinare fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940 og U.S. Navy i 1966. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1993 etter Jon C. Campbell. Campbell var ein geograf i U.S. Geological Survey (USGS) frå 1981, USGS-medlem i International GPS Campaign ved McMurdo-basen, Byrd-stasjonen og Amundsen-Scott-stasjonen frå 1991-92 og sekretær for Advisory Committee on Antarctic Names under U.S. Board on Geographic Names sidan 1993.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Campbell Crest» frå , den 6. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Bowman Coast