Mount Genecand er eit fjell ved botnen av Barilari Bay mellom Lawriebreen og Weirbreen, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Det vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd i 1955–57, og kartlagd frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1959 etter Felix Genecand (1874–1957), ein sveitsisk fjellklatrar som fann opp Tricouni-naglen for klatresko kort tid før den første verdskrigen.

Kjelder

Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Graham Coast