mini|høgre|Larmekokaburra, Dacelo leachii Kokaburra, òg kalla latterfugl, er ei samnemning for fuglar i tre biologiske slekter i isfuglfamilien. Slektene er Lacedo, Dacelo og Clytoceyx. Dette er store, kraftige isfuglar med utbreiing i hovudsak i Australia og på Ny-Guinea; éin art, blåhettekokaburra, finst i Søraust-Asia. Som andre isfuglar er dei vent farga. Den mest kjente kokaburraen er latterkokaburra, Dacelo novaeguinea, som har fått namnet fordi lætet liknar hysterisk menneskelatter. Han er aggressiv, og blant dei best kjende fuglane i Australia.

Ordet kokaburra (på dagens engelsk kookaburra) stammar frå aboriginarspråket wiradhuri (wiradjuri) eller nærskylde språk. På wiradhuri viser ordet til latterkokaburra og har forma guguburra.

Artslista Kokaburraer i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Blåhettekokaburra, Lacedo pulchella Latterkokaburra, Dacelo novaeguineae Larmekokaburra, Dacelo leachii Fregnekokaburra, Dacelo tyro Kvitnebbkokaburra, Dacelo gaudichaud Plogkokaburra, Clytoceyx rex

Kjelder (fri lisens)

Referansar

kategori:isfuglfamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fuglar i den orientalske regionen Kategori:Ord og uttrykk frå australske språk