Aguirre er det sjuande albumet til det tyske progressiv/krautrockbandet Popol Vuh. Det består av musikk nytta i Werner Herzog-filmen Aguirre, the Wrath of God (1972), og vart først gjeve ut som eit album i 1975 på Ohr, og på ny i 2004 av SPV med eitt bonusspor.
Denne musikken var eit av fleire samarbeid mellom gruppa og Herzog. Berre to spor («Aguirre I» og «Aguirre II») er frå filmen. Resten vart henta frå forskjellige innspelingar gruppa gjorde mellom 1972 og 1974, mellom alternative versjonar av to songar («Morgengruß II» og «Agnus Dei») opphavleg frå Einsjäger und Siebenjäger i 1974.
Innhald
Medverkande
Florian Fricke – piano (på spor 4), Moog synthesizer, Choir-Orgel (på spor 1, 3, 5, og 6) Daniel Fichelscher – elektrisk gitar (på spor 2, 3 og 4), akustisk gitar (på spor 2, 3 og 4), trommer (på spor 4) Djong Yun – vokal Robert Eliscu – obo (på spor 4), panfløyte (på spor 1, part b ["Flöte"]), òg trudd då spele fløyte på spor 4 Holger Trülzsch (uncredited) – afrikansk og tyrkisk perkusjon på spor 6 Conny Veit (uncredited, but believed to be there) – elektrisk gitar (på spor 1 og 3)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aguirre (soundtrack)» frå , den 8. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff http://www.furious.com/perfect/populvuh2.html (Artikkel med meldingar av kvart album, på engelsk) http://www.enricobassi.it/popvuhdiscografia70.htm (med original tekst frå plateomslaget) http://www.venco.com.pl/~acrux/aguirre.htm
Kategori:Filmmusikkalbum frå 1975 Kategori:Popol Vuh (Tyskland)-album