mini|Flagget til Det internasjonale atomenergibyrået.
Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA: International Atomic Energy Agency) er ein internasjonal organisasjon oppretta den 29. juli 1957 for å fremja fredeleg utnytting av atomenergi og hindra bruk som atomvåpen. Organisasjonen har 177 medlemsstatar og hovudkvarter i Wien i Austerrike.
I 2005 mottok IAEA og generalsekretæren Mohamed ElBaradei Nobels fredspris for arbeidet sitt med å gjera verda tryggare og fredelegare.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1957 Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Kjerneenergi Atomenergibyrået