Antoni Jan Łaciak () var ein polsk skihoppar frå Szczyrk, som vann sølvmedaljen i normalbakken i ski-VM 1962 i Zakopane.

Aktiv Łaciak tok svært overraskande sølvmedaljen i normalbakken i VM i Zakopane i 1962, einast norske Toralf Engan vart hans overmann. I storbakken vart Łaciak nummer seks.

Han deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1961-66, med sjuandeplass i 1962/63 som beste samanlagtplassering. Den beste plasseringa hans i eit renn i hoppveka var åttandeplassen i Garmisch-Partenkirchen 1. januar 1963.

Łaciak vart nummer 34 i normalbakken under vinter-OL 1964 i Innsbruck. Rennet vart avvikla i hoppbakken i Seefeld.

Han døydde i Katowice.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Antoni Łaciak» frå , den 9. mars 2013.

Kategori:Polske skihopparar Kategori:Polske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1964