Loewe Massif er eit stort fjellmassiv aust i Aramis Range i Prince Charles Mountains. Massivet er stort sett dekt av eit bølgjande platå med Mount Loewe og Medvecky Peaks. Platået ligg på ei middelhøgd på kring 1 000 moh og 600 meter over isen på nordsida. Det vart oppdaga av eit lag frå ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) leia av W.G. Bewsher i 1956. Namnet på massivet kjem frå Mount Loewe, som vart kalla opp etter Fritz Loewe, som deltok i den franske ekspedisjonen ved Port Martin på Adelie Coast i 1951.
Kjelder
Kategori:Fjell i Mac. Robertson Land