Diatese er ein grammatisk kategori ved verbet, ein kategori som har å gjere med tilhøvet mellom semantiske roller (også kalla tematiske roller og theta-roller) (som agens og patiens) og syntaktiske funksjonskategoriar (som subjekt og objekt). Kategorien har i somme språk to trekk, aktiv og passiv, i andre språk tre, aktiv, medium og passiv.

Skilnaden på aktiv, medium og passiv kan illustrerast med tre setningar frå det vestafrikanske språket fulfulde, som bøyer verbet i alle dei tre diatesane:

1. Aktiv: Daada lootii ɓinngel. 'Mor vaska ungen.' 2. Medium: Daada lootake. 'Mor vaska seg.' 3. Passiv: Ɓinngel lootaama. 'Ungen blei vaska'

Verbet loota 'vaske' har to semantiske roller knytte til seg, agens og patiens. I den aktive setninga er subjektet knytt til agens og objektet til patiens: {| class="wikitable" |- bgcolor='#C0F0C0' | text-align:left"| SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR | style="text-align:center"| subjekt | style="text-align:center"| verbal | style="text-align:center"| objekt |- bgcolor='#FFDEAD' | text-align:left" | SEMANTISKE ROLLER | style="text-align:center"| agens | style="text-align:center"| – | style="text-align:center"| patiens

| style="text-align:center"| Daada | style="text-align:center"| lootii | style="text-align:center"| ɓinngel|- | | style="text-align:center"| 'mor' | style="text-align:center"| 'vaska' (aktiv, perfektiv) | style="text-align:center"| 'unge'

I den mediale setninga er subjektet knytt til både agens og patiens, og objektet manglar: SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR subjekt verbal SEMANTISKE ROLLER agenspatiens – Daada lootake 'mor' 'vaska seg' (medium, perfektiv) I den passive setninga er subjektet knytt til patiens – eller meir generelt, den rolla som er knytt til objektet i ei aktiv setning. Agens er ikkje knytt til nokon syntaktisk funksjonskategori (men kan hevdast å vere underforstått), og det er ikkje noko objekt: SYNTAKTISKE FUNKSJONSKATEGORIAR subjekt verbal SEMANTISKE ROLLER patiens – agens Ɓinngel lootaama 'unge' 'blei vaska' (passiv, perfektiv) I dei fleste dialektane av fulfulde kan ikkje agens vere uttrykt i ei passiv setning, men nokre få godtek at agens er knytt til ein NP etter preposisjonen e 'med':

Passiv med uttrykt agens:''' Ɓinngel lootaama e daada '', ‘Ungen blei vaska av mor.’

Det er vanleg i språka i verda at agens ikkje kan vere uttrykt i passive setningar, og i dei språka der agens kan vere uttrykt i passive setningar, er det som regel vanlegast at setning manglar eit agens-ledd.

Kategori:Lingvistisk morfologi Kategori:Diatese