mini|«Fram» i drivis. mini|Roald Amundsen Tredje Framferda var ein norsk Antarktisekspedisjon leia av Roald Amundsen, og den første ekspedisjonen som nådde den geografiske sørpolpunktet. I åra 1910 til 1913 reiste Amundsen med «Fram» til Hvalbukta der han førte hundar og utstyr i land og sette opp vinterkvarter. «Fram» hadde tidlegare vorte nytta to gonger i Arktis. Frå basen Framheim ved Hvalbukta drog han med hundesledar mot Sørpolen, som han nådde den 14. desember 1911, 34 dagar før rivalen Robert Falcon Scott frå den britiske Terra Nova-ekspedisjonen, i det som har vorte kalla «kappløpet om Sørpolen».
Amundsen hadde opphavleg tenkt å bli den første til nå Nordpolen frå Alaska, men under førebuingane til denne ekspedisjonen kom det meldingar om at Frederick Cook og Robert Peary alt hadde nådd den nordlege polen, og Amundsen endra planane sine i all løyndom. Først etter at ekspedisjonen segla ut frå Noreg vart besetninga og omverda underretta om dei nye planane.
Bakgrunn Tidlegare ekspedisjonar mini|upright|James Clark Ross.Måleri av John R. Wildman Rosshavet var tradisjonelt arbeidsområdet til britiske antarktisekspedisjonar. Dette starta med James Clark Ross, som mellom 1839 til 1843 gjorde tre ferder til Antarktis med skipa HMS «Erebus» og HMS «Terror». Han drog lenger sør enn nokon annan hadde gjort før han. Ei rekkje geografiske oppdagingar vart gjort og mange objekt vart namngjeve, og fleire stader er oppkalla etter han (Rosshavet, Ross Island og Rossbarrieren. Tidleg på 1900-talet byrja britane igjen å reise til Antarktis, for første gong sidan Ross, med Discovery-ekspedisjonen (1901–04), Nimrod-ekspedisjonen og Terra Nova-ekspedisjonen – alle med hovudkvarter ved McMurdo Sound.
Allereie i 1894/95 var det norsk aktivitet i dette området. Ein kvalfangstekspedisjon finansiert av Svend Foyn drog til Rosshavet for å kartleggje kvalførekomstane, og ei gruppe på åtte menn gjekk i land på Kapp Adare i Victoria Land. Eit medlem av denne gruppa, nordmannen Carsten Egeberg Borchgrevink, reiste for eiga rekning til den sjette internasjonale geografikongressen i London. Her tilbaud han seg å leie ein ekspedisjon som skulle vere den første til å overvintre på det antarktiske kontinentet. Han overtydde deltakarane på kongressen – blant anna med moseprøvar han hadde med seg frå Antarktis som beviste at der var liv under det antarktiske isdekket – og vekte interessa for ei ny vitskapleg utforsking av Antarktis.
Våren 1898 sa George Newnes seg villig til å finansiere ekspedisjonen mot å få førsteretten til historia. Denne ekspedisjonen, kalla Southern Cross-ekspedisjonen, vart den første til å overvintra i Antarktis og den første til å oppsøkja Rossbarrieren sidan James Clark Ross i 1839–43. Borchgrevink viste at barrieren ikkje berre var ei hindring, men òg ein måte å kunne kome seg sørover på. Han demonstrerte òg nytten av hundar og ski i Antarktis. Ekspedisjonen var alt utstyrt etter den «nye norske skulen for polarforsking».
Denne «nye skulen» vart danna av Fridtjof Nansen då han sommaren 1888 kryssa Grønland frå aust til vest. Med det opna han ikkje berre den norske polarforskinga og vart ein person mange nordmenn identifiserte seg med, men han opna òg nye vegar innan polarteknikk. I staden for å bruke dei då tradisjonelle sledane valde Nansen å bruke lettare sledar som gjekk på ski. Han nytta vitskaplege metodar for å utvikle eigne klede, telt og kokeutstyr, og kva mat som var høvde seg å ha med på ein slik ekspedisjon. Utstyret måtte ha låg vekt, slik at det vart lettare for mannskapet å ta seg fram i felten. I tillegg vart det lagt stor vekt på å nytte hundar. Bruken av ski vart noko av kjernen i polarforsking. Nordmenn meistra skigåing betre enn mange av dei andre sidan ski hadde vore eit transportmiddel og ein del av kulturen i dei skandinaviske nasjonane i fleire tusen år.
Ekspedisjonen til Nansen gjorde eit så stort inntrykk på den unge Amundsen at han i 1903 drog avstad på sin eigen ekspedisjon. Som førstemann tok han seg gjennom heile Nordvestpassasjen med skipet «Gjøa». Erfaringa Amundsen fekk som andrestyrmann på «Belgica» under Belgica-ekspedisjonen og kunnskapen han lærde av inuittane, danna eit viktig grunnlag for planlegginga av Fram-ekspedisjonen. Under ekspedisjonen med «Gjøa» hausta Amundsen for første gongen røynsle med hundar og hundesledar, og han studerte teknikkane til inuittane innan bygging av igloar og framstilling av klede.
Fram-ekspedisjonen mini|upright|Fridtjof Nansen Tilbake i Noreg byrja Amundsen å planleggje ein ekspedisjon i det arktiske bassenget, der han ville la seg drive over polhavet slik føregangaren hans hadde gjort, og prøvde å nå Nordpolen som framleis var uoppdaga. Huntford mistenkte at sistnemnde var hovudmålet hans, medan den vitskaplege utforskinga av det arktiske bassenget vart skove fram for å oppnå større økonomisk støtte. Amundsen vendte seg til Fridtjof Nansen for å be om å få låne «Fram». Dette skipet var i utgangspunktet statleg eigedom, men sidan Nansen tilhøyrde den øvste eliten innan polarforsking i Noreg og sjølv gjekk med tankar om ein eigen ekspedisjon, såg Amundsen det naudsynt å be førebiletet sitt om å låne han skipet, noko han òg gjorde. Den 10. november 1908 gjorde han planen sin kjent for offentlegheita, og alt dagen etter mottok han 20 000 kronar frå kongeparet. Etter at Stortinget garanterte ei delvis tilbakebetaling av gjelda etter Gjøa-ekspedisjonen, drog Amundsen til USA for å halde ein foredragsturné for å skaffe ytterlegare finansiering. Tidleg i 1909 hadde Amundsen klart å skaffe ein fjerdedel av dei naudsynte midlane, men det tok si tid før han fekk fleire donasjonar. Den 9. februar 1909 løyvde Stortinget han kroner, og tillet han å bruke «Fram» til sine føremål.
Tidleg i september 1909 nådde meldinga fram til Amundsen om at både Cook og Peary hevda å ha nådd Nordpolen. Desse påstandane er framleis omstridde, og etter den første meldinga frå Cook, som han mottok 1. september, uttalte Amundsen at denne meldinga ikkje ville påverke planane hans «på nokon måte». Den 7. september mottok Amundsen ei ny melding om at Peary hadde nådd Nordpolen, og han vart då tvinga til å handle. Han vedtok å forskyve den opphavlege planen sin med eit år eller to, og i mellomtida heller freiste å skaffe dei manglande midlande for den komande utforskinga av Nordpolbassenget.
mini|upright|Robert Falcon Scott
13. september fekk Amundsen vita at Robert Falcon Scott planla ein eigen ekspedisjon til Antarktis i august. Dagen etter annonserte Amundsen at starten på ekspedisjonen hans skulle flyttast til 1. juli 1910.
Personell
Amundsen såg på ulike personlege aspekt under valet sitt mannskap til ferda si, mellom anna korleis ein ville gli inn i det sosiale miljøet, kor flinke dei var på arbeidsområda som var relevante for ekspedisjonen, kor nyfikne dei var og kor handlekraftig dei var. I følgje Huntford endra han stadig vurderingane sine før det endelege valet vart gjort. I tillegg til ein så høg fagleg kompetanse som mogleg, lang røynsle innan polarforsking, meistring av skigåing og handtering av hundar, forlangte han at mennene var vant til einsemd og hardt arbeid utandørs. mini|upright|Sverre Hassel.
Amundsen mottok ei rekkje søknader. Som nestkommanderande valde han først Ole Engelstad, ein kommandørkaptein i den norske marinen. Under testing av ein «mannløftende drage» vart han råka av lynet og omkom, og Thorvald Nilsen vart så vald som nestkommanderande. Olav Bjaaland kom ombord etter at han tilfeldigvis hadde støytt på Amundsen i Lübeck. Amundsen hadde nemnt noko om ein ekspedisjon under ein samtale, og Bjaaland ville gjerne delta på ein ny ekspedisjon. Sidan Bjaaland var ein utmerkt skiløpar og tømrar, tok Amundsen han med.
Eit anna medlem av ekspedisjonen var Helmer Hanssen, som hadde følgt Amundsen under Gjøa-ekspedisjonen. Han vart med som islos og hundeførar. For å ha ein god kokk valde Amundsen Adolf Lindstrøm, som òg hadde vore med under Gjøa-ekspedisjonen. Sommaren 1901 vart han kjend med Oscar Wisting, ein marineoffiser som jobba på «Fram» ved verftet i Horten. Wisting var i utgangspunktet ikkje noko god skiløpar, og hadde heller inga røynsle med hundar, men han var tilpassingsdyktig, villig til å lære og pragmatisk gemytt. Amundsen valde òg menn som kunne underkaste seg han utan problem. Som andre islos tilsette han ishavsskipparen Andreas Beck.
Amundsen nekta å ta med ein lege på ekspedisjonen. Han ville gjerne ha med seg apotekaren Fritz Zapffe, ein ven og agent i Tromsø, men sidan han ikkje kunne delta, sende han overstyrmannen Gjertsen og Wisting på kurs i tannbehandling og kirurgi.
Hausten 1908 mottok Amundsen eit brev frå Nansen om at han burde ta med seg Hjalmar Johansen. Han hadde følgt med Nansen under ekspedisjonen hans mot Nordpolen og var ein dugeleg hundeførar. Johansen hadde vorte alkoholikar etter ekspedisjonen med Nansen, og Amundsen frykta òg at den eldre Johansen, som òg var ein betre skiløpar og veldig ambisiøs, kunne truge autoriteten hans. Sidan Johansen hadde redda livet til Nansen under ekspedisjonen deira, insisterte sistnemnde på at Amundsen måtte ta han med på ekspedisjonen, og Amundsen måtte føye seg.
Førebuingar Finansiering og utrusting 9. februar vedtok stortinget å låne Amundsen «Fram», og å gje norske kroner til naudsynte reparasjonar og førebuingar, i tillegg til at det hadde nedbetalt delar av gjelda etter ekspedisjonen med «Gjøa». Mange føretak donerte bort utstyr til ekspedisjonen, inkludert den norske hæren som stilte utstyr til disposisjon. Ytterlegare middel vart gjeve av Kongen og Dronninga ( kroner) og frå privatpersonar, blant anna frå Don Pedro Christophersen. Christophersen, som budde i Argentina, dekte alle kostnader i samband med «Fram» si ferd frå Buenos Aires til isbarrieren og tilbake til San Francisco, via Buenos Aires.
Etter det vart kjend at Cook og Peary hadde nådd Nordpolen vart det vanskeleg å skaffe meir pengar. Òg Stortinget avslo ein søknad om å auke midlane med kroner. Amundsen fann seg no i ein situasjon med nær kroner i underskot. Han brydde seg derimot ikkje så mykje om eit balansert budsjett, fordi han visste at om han vart den første til å nå Sørpolen, ville alt bli tilgjeve. Han tok derfor opp eit lån, og belasta sitt eige hus med kroner.
For å få nok sledehundar reiste Amundsen til København der han kjøpte 100 grønlandshundar av det Kongelege Grønlandske Handelsselskap som skulle leverast i Danmark i juli 1910. Amundsen var overtydd om at dei ville vere langt betre enn ponniane som Scott nytta som hovudtransportmiddel. Selskapet gjekk med på å sende hundane med «Hans Egede» til Kristiansand utan ekstra kostnader for Amundsen.
Ferdighytta dei hadde med, som var 7,8 m lang og 3,9 m brei, vart bygd ved heimstaden til Amundsen i Bundefjord, og seinare demontert og pakka for å bli sett opp i Antarktis. Hytta hadde to rom, der det eine fungerte som eit kjøken og eit fungerte som eit soverom, spisestove og stove. Der fanst òg eit loft, som vart brukt til lagring av rekvisita. Sledane til landgruppa var 3,6 m lange og vog i utgangspunktet 75 kg, før vekta i løpet av vinteren i gjennomsnitt vart redusert til 24 kg. Skia var laget av hickory, som var eit elastisk og sterkt material. Skilengda var 1,8 m.
Mål og plan mini|Kart som viser rutene Scott (blå) og Amundsen (grøn) følgde til polpunktet. Scott nådde polpunktet først han 17. januar 1912, 34 dagar etter Amundsen. Amundsen freista å få tak i all tilgjengeleg litteratur, og utvikla ein nøyaktig plan i ut i frå sine eigne røynsler med polarferder.