mini|Sandburg Residence Halls i Milwaukee. mini|U W - Madison. University of Wisconsin er eit delstatseigd universitet med 15 campusar som inngår i University of Wisconsin System. Flaggskipuniversitetet er eit land-grant-universitet som ligg i Madison i delstaten Wisconsin i USA. Det vert ofte kalla UW Madison som Public Ivy-lærestad.

Universitetet vart oppretta i Madison i 1848. Tjue år seinare fekk denne lærestaden eiga jus-utdanning, og fleire campusar vart grunnlagt utover 1800-talet. Universitetssystemet oppstod 11.oktober 1971 ved samanslåinga av University of Wisconsin og Wisconsin State University.

Dei elleve viktigaste lærestadane under UW som tildeler akademiske grader, er: UW – Madison (1848) – 41 466 studentar UW – Milwaukee (1956) – 28 309 studentar UW – Oshkosh (1871) – 11 080 studentar UW – Whitewater (1868) – 10 502 studentar UW – Platteville (1866) – 6 732 studentar UW – River Falls (1874) – 5 862 studentar UW – Eau Claire (1916) – 10 505 studentar UW – La Crosse (1909) – 9 818 studentar UW – Stout, Menomonie (1891) – 8 327 studentar UW – Superior (1893) – 2 924 studentar UW – Stevens Point (1894) – 8 842 studentar UW – Green Bay (1968) – 5 803 studentar UW – Parkside, Kenosha (1968) – 4. 14 studentar

University of Wisconsin Law School i Madison er med sine 820 studentar den einaste offentlege jus-utdanninga i Wisconsin.

Ved universitetet var det 162 933 studentar og 32 000 tilsette i 2007, og same året var skulepengane frå om lag US$ 5 500 i snitt for studentar folkeregistrert i Wisconsin, avhengig av studiestad. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Madison og Milwaukee, elles til mastergad ved dei andre lærestadane.

Lærestaden får fjernvarme frå West Campus gasskraftverk, som yt 150 MW med kogenerasjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «University of Wisconsin» frå , den 13. mars 2013.

Bakgrunnsstoff University of Wisconsin University of Wisconsin System University of Wisconsin Law School University of Wisconsin Law Library

Kategori:Universitet i Wisconsin Kategori:Public Ivy Kategori:Skipingar i 1848 Kategori:1848 i USA