Mount Snell er det sørvestlegast og høgaste (kring 500 moh.) av tre fjell på Dorsey Island, ei øy som ligg i Wilkinsisen, utanfor nordvestkysten av Aleksanderøya og nær innløpet til Haydnfjorden i Antarktis. Fjellet finst på eit flyfotografi av U.S. Navy, 1966, og U.S. Landsat-bilete tekne i 1975. Fjellet vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter løytnant Alfred W. Snell i US Navy, ein meteorolog under U.S. Navy Operasjon Deepfreeze, 1967 og 1968.
Kjelder
Kategori:Fjell på Aleksanderøya Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter USA-amerikanarar