Scott Polar Research Institute (SPRI) er eit forskingssenter for polarforsking og glasiologi. Det er eit institutt under fakultet for geografi ved University of Cambridge i England. SPRI vart etablert i 1920 som eit nasjonalt minnesmerke over Robert F. Scott og mannskapet hans som omkom under tilbaketuren frå Sørpolen i 1912.

Instituttet gjennomfører forskingsaktivitetar innan miljøteknologi, samfunnsvitskap og humaniora som er relevante for polare strøk. Det er om lag 60 personar tilknytt instituttet, inkludert vitskapleg og administrativt personale og dessutan studentar og stipendiatar.

SPRI fungerer òg som sekretariat for International Glaciological Society og Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking, og er ein del av NERC Centre for Polar Observation and Modelling.

Sjå òg British Antarctic Survey

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scott Polar Research Institute» frå , den 15. mars 2013.

Bakgrunnsstoff Scott Polar Research Institute World Data Centre for Glaciology, Cambridge

Kategori:Polarforsking Kategori:Geografiske organisasjonar Kategori:University of Cambridge Kategori:Skipingar i 1920 Kategori:1920 i Storbritannia Kategori:Storbritannia og Antarktis Kategori:Museum i Cambridge