Finley Heights er nokre ulendte kysthøgder med ei høgd opp mot 1070 moh mellom munningen av Binghambreen og Lurabeebreen, på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Dei vart oppdaga av sir Hubert Wilkins på ein flytur den 20. desember 1928. Han rekna høgdene til å vere øyar utanfor Den antarktiske halvøya og kalla dei «Finley Island» etter John H. Finley of The New York Times, som då var president i American Geographical Society. Etter å ha sett flyfoto tekne av Lincoln Ellsworth i 1935 og foreløpige rappoartar frå British Graham Land Expedition (BGLE), 1934–37, førte til at W.L.G. Joerg tolka det som at dei høyrte til fastlandet. BGLE stadesta dette i rapportane sine etter ekspeidsjonen var over på grunnlag av ein hundesledetur frå East Base i 1940 av medlemmar frå U.S. Antarctic Service.

Kjelder

Kategori:Fjell i Palmer Land