Mount Grimminger er eit kjegleforma, nesten heilt isdekt fjell, 1680 meter over havet, som står på nordsida av Meinardusbreen, like aust for samløpet mellom Hainesbreen, på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Det vart oppdaga og fotografert frå lufta i desember 1940 av U.S. Antarctic Service. I 1947 vart det fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon under Finn Rønne, medan Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla det frå bakken. Det vart namngjeve av FIDS etter George Grimminger, ein amerikansk meteorolog og fellesforfattar av ein meteorologisk rappoart på Byrd-ekspedisjonane i 1928–30 og 1933–35. Han deletok òg på den sistnemnde ekspedisjonen.
Kjelder
Kategori:Fjell i Palmer Land