Samefolkets parti, samisk Sámeálbmot bellodat, er eit samisk politisk parti i Noreg. Partiet stiller til val i Sametingsvalet, Fylkestingsvalet og i 2001 og 2005 også til Stortingsvalet.

Partiet har partilag i Alta, Nesseby, Tana, Karasjok, Kautokeino, Oslo, Porsanger/Nordkapp og på Vestlandet. Til stortingsval har partiet berre stilt liste i Finnmark.

Partiet er representert på Sametinget med Ann-Elise Finbog, Márjá-Liissá Partapuoli og Jovna Vars Smuk. Dei to sistnemnde vart vald frå ei fellesliste med Norske Samers Riksforbund.

Klemet Erland Hætta har tidlegare vore ordførar i Kautokeino kommune for partiet.

Ved stortingsvala i 2001 og 2005 stilte Samefolkets parti til val og oppnådde desse resultata i Finnmark: 2001: 1,5 % 2005: 1,8 %

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Samisk politikk Kategori:Norske politiske parti