Fučíktoppen er eit sentralt fjell på 2305 moh. i Kvævefjellet i Payerfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart oppdaga og kartlagt frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39), og kartlagt frå flyfoto og landmålingar av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60). Fjellet vart kartlagt på ny av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (1960–61), og kalla opp etter Julius Fučík, ein tsjekkoslovakisk journalist og forfattar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Fučík» frå , den 17. mars 2013.
Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst