Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij () var ein russisk, seinare sovjetisk språkforskar og etnograf.

Tsjarnoluskij deltok i forskingsreisa til Kola-halvøya i 1927, der vart interessa hans vekt for samisk språk. Han samla inn etnografisk materiale, delar av dette vart publisert først 30-40 år seinare, på 1960- og 1970-talet.

Pausen på 30 år mellom forskingsreise og publisering heng saman med den nye sovjetiske språkpolitikken etter midten av 30-talet. Mange nasjonale akrivistar vart skulda for nasjonalistiske avvik, og samarbeid med fascistiske språkforskarar i andre land.

Tsjarnoluskij kunne slå fast at dei samiske eventyra hadde teke opp i seg samanhengar mellom samane og komiane.

Viktige arbeidd Tsjarnoluskij, V.V.: 1930: Materialy po bytu loparei. Leningrad 1930. Tsjarnoluskij, V.V.: 1962: Saamskije skazki (samiske eventyr)

Bakgrunnsstoff Leif Rantala. 2005. "Saami studies: Russia/USSR." I: The Saami: a cultural encyclopaedia, red av Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari og Risto Pulkkinen. Helsinki: SKS. 363–365. Elektronisk versjon

Kategori:Kildinsamisk språk Kategori:Russiske språkforskarar Kategori:Sovjetiske språkforskarar Kategori:Personar innafor samisk språkforsking