mini|Villa Blaauw i Bergen. mini|Villa Konow i Bergen. Frederik Ludvig Konow Lund () var ein norsk arkitekt som vert rekna mellom dei beste arkitektane i Noreg på fyrste halvparten av 1900-talet.

Han hadde studert kunstsoge ved universitetet i Kristianina (Oslo) frå 1908, og arkitektur ved den tekniske høgskulen i Dresden i Tyskland i åra 1910-1914. I åra 1915-1916 arbeida han saman med Leif Rustad som arkitekt i Bergen, før han tok eit år i Sambandsstatane. Deretter var han assistent hos arkitekt Ole Landmark frå 1917 og fram til han i 1919 skipa sitt eige arkitektkontor i Bergen. Han er mest kjend for dei særeigne einebustadane han har teikna i Bergensområdet. To av dei mest kjende bergenshusa han teikna er Villa Blaauw, som i 1930 vart heidra med Houens fonds diplom, og Villa Konow, som vart freda av Riksantikvaren i 1993.

Frederik Konow Lund gjorde sitt til å skape ein særeigen lokal moderne vestlandsarkitektur basert på dei naturlege byggemateriala og byggetradisjonane i området, slik arkitektane Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson gjorde sitt til å skape ein særeigen austlandsarkitektur.

Oversyn over Konow Lunds verk Bustadhus, Kråkenesveien 73, Bergen, 1916. Konow Lunds debut. Sommarhus for W. Giertsen, Godøysund på Tysnes, 1919 Bustadhus, Kråkenesveien 42, Bergen, 1923 Bustadhus Villa Blaauw, Årstadgeilen 26 (tidlegare Årstadveien 19), Bergen, 1925-27 Villa Askhaug for G. M. Bruun, Storetveitveien 133, Bergen, 1926. Ny soveromsfløy bygd i 1938. Fana kyrkje, restaurering og eit tilbygg med nytt sakristi, Bergen, 1926–28 og 1953 Einebustaden Rieber (Rieber I), Sundts vei 55, Bergen, 1929 Einebustaden Johannessen (Hus nr. 6), Kråkenesveien 20, Bergen, 1929 Einebustaden Kråkenes, Kråkenesveien 55, Bergen, 1931 Einebustaden Tørresen (Hus nr. 11), Straumeveien 51, Bergen, 1931 Villa Bruun for G. W. Bruun, Storetveitvegen 133, Bergen, 1933 Tomannsbustad (Hus nr. 16), Kråkenesveien 63-65, Bergen, 1934 Villa Konow (Hus nr. 14) for ingeniør Francis Konow, Kråkenesveien 43, Bergen, 1935–36 Einebustaden Hatlem (Hus nr. 15), Straumeveien 45, Bergen, 1936 Einebustad, Kråkenesveien 18, Bergen, 1938 Einebustad Nesttun, Hardangerveien 6, Nesttun (saman med Hans Wichmann Rohde), 1940 Gjestgivari i Tafjord på Sunnmøre, 1946 Einebustad «Gulatun» for fabrikkeigar Finn Danielsen, Hopsåsen 33, Nesttun, 1946-48 Restaurering av Nykirken i Bergen (saman med Hans Wichmann Rohde), fullført i 1956 Søsterhjemmet Marias Minde og den katolske Vår Frues Kirke, Nylandsveien 31, Bergen, 1956 Sommarhus Wallem (ombygging av Leif Grungs funkisvilla), Erviken i Vikedal, 1955-57 Garasje og modernisering av Gerdt Meyer Bruuns repslageri, 1957. Villa, Nedre Krohnegården 19, Bergen (saman med sønnen Eilert Konow Lund), 1962 Einebustad, Kråkenesveien 33, Bergen, 1964

Kategori:Norske arkitektar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Houens fonds diplom