Thorhild Widvey () er ein norsk politikar for Høgre. Ho var kulturminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og statsråd for Olje- og energidepartementet i Bondevik II-regjeringa frå 18. juni 2004 til 17. oktober 2005.
Widvery er busett i Oslo. Ho budde lenge i Karmøy kommune i Rogaland fylke.
Utdanning, yrke og verv Etter vidaregåande skule studerte Thorhild Widvey eitt år ved Idrætshøjskolen i Århus. Ho har tidlegare vore stortingsrepresentant for Rogaland fylke (1987–97) og var vararepresentant stortingsperioden før dette. I tillegg har ho vore statssekretær i både Fiskeridepartementet (juni 2002–januar 2003) og Utanriksdepartementet (januar 2003). Ho har òg sete i Karmøy kommunestyre og har delteke i politikken på fylkeskommunalt plan.
Kjelder
Kategori:Norske kulturministrar Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Statssekretærar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Lokalpolitikarar i Karmøy Kategori:Høgrepolitikarar i Rogaland Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Folk frå Karmøy