Gamble Cone er ei vulkankjegle 0,6 nautiske mil sør-søraust for Post Office Hill i Kyle Hills på Ross Island. Fjellet har ei høgd på kring 400 moh. Etter forslag frå P.R. Kyle, vart det namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (2000) etter John A. Gamble, ein geolog ved Victoria University of Wellington på New Zealand, som deltok i tre feltprosjekt Kyle leia under United States Antarctic Program, 1981–82, 1982–83, og 1984–85. Han arbeidde seinare med New Zealand Antarctic Programme under utforskinga av vulkanane i Vest-Antarktis 1989–90, som var eit samarbeid mellom Storbritannia, USA og New Zealand i Marie Byrd Land der det vart gjort omfattande arbeid på xenolittar i vulkansk fjell, inkludert ved Cape Crozier og Cape Bird på Ross Isand.
Kjelder
Kategori:Vulkanar på Ross Island