Mount Overlord er eit særs stort fjell og ein utdøydd stratovulkan like nordvest for Deception Plateau, 80 km innover frå Rosshavet og like aust for toppen av Aviatorbreen i Victoria Land. Den asymmetriske vulkankjegla ligg på kanten av eit platå oppom Aviatorbreen. Det meste av kjegla er isdekt, men Mount Overlord har ein 2 km brei kaldera. Vulkanske bergartar på vestsida er daterte til kring sju millionar år gamle, så vulkanen er trudd å vere utdøydd. Det fekk dette namnet av det nordlege laget til New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1962–63, fordi han er «overherre» over dei mindre toppane i området.

mini|none|250px|Topografisk kart av Mount Overlord (1:250 000 skala)

Sjå òg Vulkanar i Antarktis

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Stratovulkanar Kategori:Vulkanar i Victoria Land Kategori:Utdøydde vulkanar Kategori:Vulkanar i miocen Kategori:Borchgrevink Coast