Mount Francis er eit massivt, ryggliknande fjell, 2610 moh, som ligg oppom Tuckerbreen frå nord, mellom Tylerbreen og Staircasebreen i Admiralty Mountains i Antarktis. Det vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–62, og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Henry S. Francis jr., direktør i International Cooperation and Information Program ved Office of Antarctic Programs i National Science Foundation. Francis overvintra ved Little America V-stasjonen i 1958 og vitja Antarktis i mange år.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Borchgrevink Coast