«Straight Into Love» var det slovenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Hannah. Songen er skriven av Hannah Mancini, Gregor Zemljic, Erik Margan, Matija Rodic og Marko Primuzak.

Eurovision Song Contest 2013 Hannah vart vald internt av Radiotelevizija Slovenija (RTS SLO) til å representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. 14. februar 2013 vart det annonsert at det slovenske bidraget vil vere «Straight Into Love». Slovenia deltok i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 og enda på 16. plass og sisteplass med åtte poeng; fem frå Kroatia og tre frå Montenegro. Landet kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen 18. mai 2013.

Kjelder

Fotnotar

Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Slovenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar