«Rak bishvilo» (hebraisk «רק בשבילו», hebraisk for Berre for han) var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på hebraisk av Moran Mazor. Songen er skriven av Chen Harari og Gal Sarig.
Kdam Eurovision 2013 Rashùt Ha-Shidúr (IBA) valde ut 30 bidrag som fekk delta i Kdam Eurovision 2013, den israelske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. «Rak bishvilo» av Moran Mazor vart tildelt ein plass i den tredje semifinalen.
Semifinale 3 Songen starta som nummer ti, etter «Fantasia» av Julietta. Bidraget gjekk direkte vidare til finalen.
Finalen Songen starta som nummer åtte, etter «Toda La Noche» av Meital De Razon og Asi Tal og før «We Are Free» av Vladi Blayberg. Bidraget vann med 104 poeng, 64 poeng frå juryen og 40 poeng frå fjernsynssjåarane, og vil representere Israel i Eurovision Song Contest 2013.
Eurovision Song Contest 2013 Då «Rak bishvilo» vann Kdam Eurovision 2013 vart det klårt at songen vil representere Israel i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Av di Israel har nasjonal fridag 14. mai vart landet tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.
Semifinale 2 Songen vil starte som nummer ti, etter Hellas med «Alcohol Is Free» av Koza Mostra og Agáthonas Iakovídis og før Armenia med «Lonely Planet» av Dorians.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rak bishvilo» frå , den 26. mars 2013.
Fotnotar
Kategori:Eurovision Song Contest 2013-songar Kategori:Israelske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Hebraiskspråklege Eurovision Song Contest-songar