Hawkes Heights er eit isfyllt krater med ei høgd opp mot 2 000 moh som dominerer den sørlege delen av Coulman Island i Rosshavet i Antarktis, og er det høgaste punktet på øya. Fjellet vart namngjeve av den geologiske gruppa frå New Zealand (NZGSAE), 1958–59, etter kaptein William M. Hawkes i U.S. Navy som leia dei tidlega flyoperasjonane frå Williams Field nær McMurdo-basen, mellom anna fleire langvarige flyfototurar og forsyningsturar, og den første landinga ved Sørpolen. Han kommanderte eit av to fly som gjorde den historiske første flyturen frå Christchurch til McMurdo-basen den 17. desember 1955. Mount Hawkes er òg kalla opp etter Hawkes, som var i Air Development Squadron Six (VX-6) i 1955–56.

Kjelder

Bakgrunnsstoff «Hawkes Heights i Antarktis» on Peakbagger

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Borchgrevink Coast