mini|Eggrulling med farga egg i ei renne, på eit russisk postkort frå byrjinga av 1900-talet. Eggrulling er ein påskeleik for to eller fleire deltakarar som går ut på å rulla egg nedover ein skråning, gjennom ein bane eller langs bakken. Målet med tevlinga kan vera å få egget lengst eller raskast fram, å hindra det frå å knusa, eller å treffa egga til andre deltakarar. Egga som blir brukt er gjerne dekorerte for å gjera det lettare å skilja dei frå kvarandre, og hardkokte for å hindra at dei lager søl.
Ein kjenner døme på eggrulling frå 1500-talet. Skikken er mellom anna utbreidd i Nord-Europa, Storbritannia og USA. I tysk tradisjon har ein laga banar av pinnar der ein tevler om kva egg som rullar fortast. I Danmark, særleg i området rundt Køge, har ein tevla i skråningar i skogar eller på grassletter om å senda egget lengst mogleg. I litauisk tradisjon kan ein vinna egg ved å rulla sitt eige egg borti dei. Ein liknande tradisjon finst i Egypt, der barn ruller gul- og raudfarga egg mot ei rekkje av egg og vinn dei om skalet på eit av dei knekk. I Noreg kan einskilde skular og barnehagar ha eggrulling som del av påskemarkeringa si.;
miniatyr|Tradisjonell eggrulling ned ein bakke i Oxfordshire i England.
Storbritannia Eggrulling har lange tradisjonar i Storbritannia, der ein typisk rullar egg ned ein bakke. Det var rekna som lykkebringande om eggeskalet ikkje knuste under rullinga, og endå betre om det knuste ein annan sitt egg. Tradisjonelt brukte ein gjerne egg kokte i laukskal, noko som gav dei ein gyllen farge. I dag er det vanlegare å pynta egga med måling. I Lancashire blir det halde årlege eggerullingar ved Holcombe Hill nær Ramsbottom og i Avenham Park i Preston, der hendinga har utvikla seg til ein liten festival. Andre tradisjonelle eggerullingsstader er vollgrava til borga i Penrith i Cumbria, Bunkers Hill i Derby, Beacon Hill i Berkshire og Arthur's Seat i Edinburgh.
Rullinga blir likna med steinen utanfor grava til Jesus, som blei rulla vekk frå opninga.Why do we have eggs at Easter?, projectbritain.com; Get ready for egg roll , lep.co.uk; Padstow Easter Egg Rolling , padstowlive.com Gammal folketru frå Lancashire seier at eggeskala må knusast i små bitar etterpå for at ikkje hekser skal stela dei og bruka dei som båtar.
miniatyr|Den amerikanske varianten av eggrulling utanfor Det kvite huset.
USA I USA er eggrulling særleg kjend frå tilstellingar ved Det kvite huset i Washington D.C. Tevlinga her går ut på å trilla egg raskast mogleg med ei skei eller ein pinne på ein bane.John Airey, How Easter Works, howstuffworks.com Eggrulling og eggeleikar har funne stad i Washington sidan 1800-talet, men blei bannlyste frå Capitol utanfor Kongressen i 1876, etter at stor folkeferdsel øydela grasdekket.
Den første offisielle tilstellinga ved Det kvite huset blei halden av Rutherford B. Hayes i 1878.History of the Easter egg roll, georgewbush-whitehouse.archives.gov Tilstellinga kan også omfatta underhaldning som mat, musikk, andre leikar og dyr. Ofte kler ein representant for presidenten seg ut som påskeharen. I dag er eggrullinga så populær at ein deler ut billettar til tilstellinga gjennom eit lotteri. Barna som tek del får med seg treegg signerte av presidenten og førstedama som suvenirar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Påske Kategori:Leikar Rulling