Granskeren var eit norsk tidsskrift som kom ut i tida 1840–1843. Bladet vart skipa av Ludvig Kristensen Daa, som på denne tida også var statsrevisor.Salomonsens konversationslexikon lest 25. februar 2014. Det var boktrykkar Johan Jørgen Krohn som gav ut bladet, medan Daa var redaktør og skipa bladet for at det skulle vere eit talerøyr for opposisjonen.

I Granskeren uttalte Daa seg frimodig og nådelaust, og fekk fleire rettsprosessar på nakken. Spesielt førte verksemda til brot med venen Henrik Wergeland. Tidsskriftet var politisk og prega av hjertesakene til Daae og liberale idear som religionsfridom, motstand mot byråkrati og mot monopol.

På denne tida vart det etablert mange tidsskrift (over 50 i tida 1830-1840), og dei fleste var kortvarig. Seinare redigerte Daa Den norske tilskuer, som kan reknast som ei vidareføring av Granskeren.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare norske tidsskrift Kategori:Publikasjonar skipa i 1840 Kategori:Nedleggingar i 1843 Kategori:1840-åra i Noreg