Salient Peak er eit fjell i Royal Society Range mellom Mount Rucker og Mount Hooker. Ein rygg stig ned frå austsida av fjellet og dannar vasskiljet mellom sidebreane til Bluebreen i nord og Walcottbreen i sør. Det fekk dette namnet av gruppa frå New Zealand som vitja Bluebreen under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition (1956–58) fordi det dannar eit framspringande hjørne (salient på engelsk) i Royal Society Range, der toppen snur sørvestover mot Mount Rucker og Mount Huggins.
Kjelder
Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:Scott Coast