Cenotaph Hill er eit fjell, 2070 meter over havet, på ryggen mellom toppen av Strombreen og Liv-breen i Dronning Maudfjella. Fjellet er 8 nautiske mil nord-nordaust for toppen av Mount Fridtjof Nansen. Det vart vitja av den sørlege geolog-gruppa frå New Zealand (1963–64) som gav dette namnet på grunn av ein uvanleg knaus på toppen som gjorde at fjellet minna om eit monument. Cenotaph er eit engelsk ord for «gravmonument» eller «minnesmerke».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast